Redningsaksjonen etter Kursk-ulykka (1:3)

Våre historier - En podkast av Forsvaret

Russland skal ha si første store marineøving sidan oppløysinga av Sovjetunionen. To dagar inn i øvinga eksploderer mange torpedoar inne i ubåten Kursk. Ubåten vert liggande på 108 meters djup i Barentshavet, berre nokre mil frå norskegrensa. Fleire båtar i området melder om bankelydar frå ubåten. Kursk vert hovudsak på nyheitene verda over. Sjefen på Forsvarskommando Nord-Norge (FKN) tek kontakt med sjefen for den russiske Nordflåten, admiral Popov, og tilbyr norsk hjelp til ubåtredning. Popov takkar nei til norsk bistand. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.