2.10 - Norse Mythology Today

Norsk for Beginners - En podkast av Marius Stangeland

Email: [email protected] Transcript: https://laernorsknaa.com/2-10-norse-mythology-today Support me here --> Patreon: ⁠⁠⁠⁠https://www.patreon.com/laernorsknaa⁠⁠⁠⁠ Donasjon (Paypal): ⁠⁠⁠⁠Doner (paypal.com)⁠⁠⁠ For more content to learn Norwegian --> YouTube: ⁠⁠⁠⁠⁠https://www.youtube.com/channel/UCxdRJ5lW2QlUNRfff-ZoE-A⁠⁠⁠ Norrøn mytologi i dag Norrøn mytologi har vore viktig i å forma norsk kultur. For eksempel kjem dette fram i språket. På norsk kjem mange av vekedagane frå norrøne gudar. Tysdag (den andre dagen i veka) kjem frå Tyr. Det er Tyr sin dag. Tyr er krigsguden i norrøn mytologi. Han bestemmer kven som vinn i slag. Onsdag kjem frå Odins dag. Torsdag er då Tor sin dag. Fredag er Frigg sin dag. Frigg er kona til Odin. Det finnes også fleire norske namn som kjem frå norrøn mytologi. For eksempel er det fleire i Noreg som heitar for eksempel Odin, Tor, Trym og Loke blant gutar og Edda, Embla og Idun blant jenter. Dei norrøne namna er framleispopulære. Norrøn mytologi kjem også til syne i populærkulturen. For eksempel er det ein kjent teikneserie frå Marvel som heitar Thor. Dette har også blitt ein kjent filmserie. Tor er her ein del av Marvel sitt univers. Her kan me sjå Loke og Tor saman med hulken. Norrøn religion kjem også tydeleg fram i TV-serien Vikings frå 2013. Den handlar om vikingar som reiser frå Noreg til Storbritannia. I serien ser me eit blót, altså ei norrøn ofring. Det finnes også fleire norske seriar med vikingar i seg. Ein av dei mest kjente er Vikingane frå 2016. Det er ein humorserie om vikingar. Det er også mange dataspel som er inspirerte av norrøn mytologi. God of War: Ragnarök er eit eksempel på dette. Det er eit spel som kjem i år, 2021, og som skal handla om norrøn mytologi.