Episode 23: Med livsmeistring på timeplanen
Læringsmiljø i skole og barnehage – UiS podkast - En podkast av Universitetet i Stavanger

Kategorier:
Livsmeistring i skulen var eit heitt tema då «folkehelse og livsmeistring» vart lansert som eit tverrfagleg tema i skulen, men no kan det verke som om debatten har stilna noko. Korleis er stoda i skulen no når ein har hatt dette temaet på timeplanen ei stund? Og kva legg ein eigentleg i omgrepet «livsmeistring» i skulesamanheng, og korleis er det implementert i skulen? Dette skal ein prøve å finne ut i forskingsprosjektet LIFE, som nyleg har starta opp. Leiarane av prosjektet Hildegunn Fandrem og Geir Skeie diskuterer temaet livsmeistring saman i podkast-studio i ein episode leia av programleiar Maria Gilje Strand. Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten: Kva legg ein i omgrepet livsmeistring i skulesamanheng? Korleis er dette tverrfaglege temaet implementert i skulen? Om forskingsprosjektet LIFE, og kva ein skal forske på i dette prosjektet Har debatten rundt livsmeistring stilna noko? Les meir: Livsmestring på timeplanen – hvordan har det gått? (uis.no) Folkehelse og livsmestring (utdanningsdirektoratet.no) Livsmestring er blitt tverrfaglig tema i skolen (youtube.com) Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, Âpnes i nytt vindu)