Lagapodden: Vågan i mellomalderen
Strid – de norske borgerkrigene - En podkast av Nasjonalbiblioteket - Tirsdager

Kategorier:
Vågan i Lofoten låg rett vest for der Kabelvåg ligg i dag, og var den nordlegaste av dei stadene vi reknar for byar i Norge i mellomalderen. Samstundes er det den byen ein veit minst om. Vågan vart eit viktig fiskevær og også eit handelssentrum for området. Eksport av fisk herifrå til kontinentet over Bergen går i alle høve tilbake til 1100-talet. Aktiviteten var store vår- og sommartid, medan vintertid mista Vågan mykje av bypreget sitt. Dette skuldast òg at plassen ikkje var eit kyrkjeleg sentrum, som i staden låg lenger nord på Trondenes ved dagens Harstad. Nedgang i handel etter Svartedauden og påfølgjande pestar gjorde at handelen i Lofoten vart trekt sørover til Trondheim og ikkje minst Bergen, og Vågan forsvann heilt som handelssentrum i løpet av 1400-talet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.