Johaug-saka, meldeplikt og lausriving frå idretten

Antidoping-podden - En podkast av Antidoping Norge

Kva hugsar du frå OL i 2000? Kanskje er det gullet til Trine Hattestad i spyd som sit best i minne frå Sydney? Eller er det Dagny Mellgren som sikra fotballkvinnene gull etter Golden Goal eller dei to imponerande gullmedaljene til Knut Holmann i padling som dukkar opp?Det var også leikene for to norske dopingsaker som fekk stor betydning for antidopingarbeidet. Vektløfter Stian Grimseth og brytar Fritz Aanes testa begge positivt. Det er snart 21 år dei to dopingsakene rysta Idretts-Noreg. Tre år etter blei Antidoping Norge stifta. Hadde det ein samanheng?I del 2 av historiespesialen som markerer 50 år med antidopingarbeidet i Noreg høyrer du advokat Niels Kiær som har vore tett på alle dei norske dopingsakene frå 1991 til i dag. Du høyrer også Valgerd Svarstad Haugland har både vore kulturminster og styreleiar i Antidoping Norge, blant anna under saka mot Therese Johaug. Idrettsprofessor Sigmund Loland bind det heile saman og forklarer kvifor utviklinga har gått som den har gjort. Programleiar er Gjermund Erikstein-Midtbø. Har du ris, ros eller tips til andre tema me burde ta opp i Antidoping-podden? Tips oss på [email protected]. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.